Skip to content

Det gamle Sandnes

    Skule- og daglegvliv i nabolaget

    Etter som «skulesalen» gjekk tvers over heile huset, var der vindauge på tre av veggane. På øvre sida var berre det eine vindauga der brannstigen gjekk ned, men mot nord og ned mot sjøen var fleire store vindauge. Det kunne høyast godt når han var på sørvest eller vest, med vind og ver.

    Me hadde pultar der bord­plata og sitjeplass hang ihop, så dei var skikkeleg tunge. Bordplata skrådde litt nedover, under var det eit rom for bøke­ne og oppå ei «utholing» med plass for blyant, pennskaft og blekkhus. Me skreiv med penn og blekk i dei dagar. Troppa opp til skulestova var lang og bratt, for det var høgt under taket i fyrste høgda. Me gjekk i treskor, men dei måtte stå att nede i gongen, så det vart litt slit på leistar og sokkar.

    Eg byrja i skulen i 1917, og i den fyrste tida hadde me lærar saman med Andvik. Då gjekk me i skulen 14 dagar, og så hadde me 14 dagar fri. Sidan fekk me lærar på Sandnes og det vart todelt skule. Me gjekk då annankvar dag, tre år i minste klassen og fire år i største.

    I minste klasse var me ferdi­ge klokka tre, dei største gjekk til klokka fire. Midt på dagen var det «middagsstund», då hadde me fri ein heil time og dei som hadde kort veg, gjekk heim og åt middag. Dei frå Kvamme og Bauge (Bujen) måtte ha nista med seg, frå Bauge måtte dei ro til skulen, men dei frå Kvamme gjekk. Vinters dag var det ofte dei ikkje kunne kome seg i skulen når det var mykje ny­snø.

    I fyrste tida eg gjekk i skulen hadde me ei lita tavla som me lærde å skriva bokstavar og tal på. Denne tavla var billig i bruk, for når me hadde skrive den full, kunne me berre turke det ut – og skrive på nytt. Skrivereidskapen var ein griffel dei kalla. Kva stoff den var av, veit eg ikkje, men det viste godt på tavla. Kva tid me fekk klad­debøker og skrivebøker, og om me måtte kjøpe dei sjølve, hugsar eg ikkje.

    I skulen song me mykje, før me byrja, og når me slutta, sjølvsagt. Om morgonen song me ofte «Syng i stille morgonstunder», og sjølvsagt hadde me songtime! Dei songane me lærde då, hugsar eg endå! I største klassen fekk me på Sandnes læra å syngja tostemt; det var svært kjekt, og me tykte det var så fint!

    I friminuttane hadde me det morosamt med mangslags lei­kar: Om våren, når det vart «tå mark», var det å slå ball og hoppe paradis, og om vinteren var det oftast snø, så då rende me på kjelke og krubba. Ski­bakkar var det ikkje mykje av, og me jentene hadde ikkje ski, heller ikkje alle gutane. Nokon laga seg ski av tynnestavar med ei reim til å stikke føtene inn i. Skistavar fanst det no slett ikkje.

    Sandnes var nok ein fin stad å vekse opp på, for der var mange born i kvart hus, og me var saman i leik og utanom skuletida. Om vinteren bygde me snøhus, laga snølykt og sette lys inni og kveikte frå når det vart myrkt. Så var det ein fin «kjelkebakke» frå floren til Andreas på Garden, forbi kyrkja og til fargarhusa. Snøen vart ikkje skrapt vekk frå vegen, så det vart ofte skikkeleg holt.

    Haust og vår lika me godt å vera nedpå bryggja og fiska. Det var mort og annan småfisk me fekk, så det vart vel helst kattemat. Når sumaren kom og det gjekk an å bada, vart det livleg i vika nedfor kommunehuset. Før me hadde lært å symja, passa me på å bada når floa var størst, for det var ikkje langt ut til «marabakken». Me drog årar ut av nausta og med ei under kvar arm øvde me oss i den vanskelege symjekunsten. Dei som var større, kunne og halda oss under hoka, då var det lettare å «sleppa seg». Det var ikkje så lenge før me våga oss utpå på djupna. Endå me var så mange, vart me ikkje ute for uhell av noko slag.

    Men det var ikkje berre leik og fritid, me måtte tidleg hjelpe til heime: Vaske opp og passe mindre sysken, det var sjølv­sagt. Om vinteren vart det mykje karding av ull. Konene måtte spinna mykje, for alle skulle ha ullunderklær, sok­kar og leistar. Så fekk me tvin­na garnet og seinare også læra å spinna. Ofte hadde me leikar inne og. Bestemor var så flink med det. Det var leikar som me kalla «Stela svin» eller «Kva gjer bjørnen på i dag?». Så det var kjekt å vera inne óg.

    Fleire av husa som stod på Sandnes i den tida er borte no. Eg må fortelje litt om «Urehuset» Det stod litt nordanfor der som dokterkontoret no ligg. Mitt minne om dette huset, er at det vart stort og gamalt, og for det meste stod det tomt. Paktaren som hadde vore i prestegarden budde der ei tid, for presten Berg dreiv garden sjølv, med tenestefolk.

    I «Urehuset» hadde dei ikkje komfyr, så kona der steikte brød i ei gryte. Me ungane fekk av og til ei brødskive, og eg gløymer ikkje kor gode desse brøda var. Det var ei nokså stor stove i dette huset. Ho skulle vore brukt som «tingsal» heitte det.

    Etter Masfjordboka, bind l, er soga om dette huset slik: Ein mann frå Masfjorden, Christen Rasmussen, skal ha kjøpt huset på Evanger for nedri­ving. Han flytta det så til Sand­nes, sette det oppatt i «Uri», og dreiv både handel og bakeri ei tid. At stova var brukt til «tingsal» er sikkert sant, for kom­munehuset vart ikkje bygd før fram mot århundreskiftet.

    Eit stykke nordom «Urhuset» ligg barndomsheimen min. Huset var såpass ferdig at me flytta inn straks før jul i 1915. Tida før hadde me budd hjå bestefar, for far reiste til sjøs. Nordanfor vårt hus låg ei liten flor med løa. Der hadde beste­far to kyr og nokre sauer. Dei slo åt desse dyra på stykket sørom Sandnes, der var og ei lita løe attmed vegen til å ha høyet i. Det var og mange små potetåkrar på dette stykket.

    Innanfor bestefar sin flor gjekk ein stig ned til Neset. Der stod det og ein liten flor, som Erik på Neset åtte. Han hadde ei kyr og ei geit. Kyra sende han i hage andre stader om som­maren, men geita vart tjora rundt omkring der det var nokre strå å bita i. Så hadde dei då kaffimjølk om sommaren!

    Straks innanfor bestefar sin flor låg og Fargarhuset. Om dei andre husa er borte no, så står det endå. Som namnet seier, var det fargen der. Det var starta opp før mi tid. Det vart fortalt at det fyrste fargeriet (kanskje «stampa»?) var i eit lite hus nett oppom slumpen ved bryggja. Eg hugsar det var eit stort kar der.

    I Fargarhuset var det mange store kar og maskiner. Når fargeriet var i drift, var det eit fæla bråk og ståk der inne. Under farginga var det ei ma­skina som bevega tøyet heile tida så det skulle bli jamt og fint farga. Så var det noko dei kalla «stamping», det var visstnok for å få tett og mjukt tøy. Den store høge storsteinen vart bygt for å få god trekk på varmen. Det skulle mykje var­me til for å koka opp dei store kjelane, attåt veden bruka dei sagerabb. I den tida vov folk både til gangklede og sengklede, kvitlar, så dei hadde bra med arbeid. Dei bruka sjølv­sagt mykje vatn i fargeriet, og det fekk dei frå ei oppkome som ligg eit stykke ovanfor kyrkja.

    Når det var turke ei stund, rauk me strandsitjarane opp for vatn. Då fekk me óg henta der. Stundom hadde me stam­par og kjel oppmed oppkoma og vaska klede der. Men når det vart sommar og varmare i veret, reiste me inn til Sandneselva med klæsvasken. Då var me oftast fleire huslydar i lag, og både stort og smått var med. Når kleda var vaska og ferdige til skoling, vassa me ut i «Hyljane» og skolte. Me var ikkje traubedne då, for dette tykte me var moro. Sjølvsagt hadde me mat med oss ein slik dag, og på ei «kokemaskin» kokte me kakao. Slik vart da­gane med klæsvask reine fest­dagar – iallefall for oss ungane.

    Pages: 1 2 3 4 5 6