Skip to content

Det gamle Sandnes

    Kommunehuset – eit innhaldsrikt hus

    På tomten der det nye kom­munehuset står, stod og det gamle. Det hadde fire høgder, og dei var alle «befolka». I kjellarhøgda heldt banken til, pen­gane var vel tryggast der! I fyrs­te høgda var «kommunesalen» med benkar og langbord og bilete rundt på veggane av dei som hadde vore ordførarar. Der var to små rom på øvre sida av huset, det eine var arkiv og det andre bibliotek der me fekk låna bøker.

    På sørsida av gongen var det og to rom, i det eine var «dokterkontoret». Inventaret var ikkje rart: eit bord, to stolar, eit stativ til vaskefat og ei bytta. Dokteren hadde kontordag ein gong kvar fjortande dag. Same dag var han på Solheim og hadde kontordag der. Det fyrs­te eg minnest måtte dei som skulle til dokteren venta ute på gongen, og der var det ikkje noko å sitja på heller. Seinare vart det andre rommet teke til venterom.

    Dokteren laut vera både tannlege og operasjonslege. Han trekte tenner og klipte falske mandlar utan bedøving! Dette høyrest gjerne ut som det ikkje skulle vera sant, men eg har sjølv fått fleire tenner trekt, og to av syskena mine fekk dei falske mandlane fjerna, og godt gjekk det!

    I andre høgda var «skulesalen». Den gjekk tvers over heile huset i nordre enden. I søre enden var det lærarbustad, to rom og kjøkken. Frå skulesalen og ned var det på

    øvresida ein jarnstige (brannstige). Ved å gå ut eit glas, kunne me koma oss ned, og dette prøvde me ofte på middagsstunda.

    Huset hadde endå ei høgd til, i «gauken» var der eitt rom i kvar ende. Rommet i nordre enden var tenkt til sløydrom, men til det vart det aldri brukt.

    Det i søre enden var utleigd til bustad. Ei tid budde der ei som hadde strikkemaskin. Ho strikka alle slags underklær – til karar og kvinnfolk – og had­de levemåten sin av dette.

    Pages: 1 2 3 4 5 6