Skip to content

Det gamle Sandnes

    Kommunestyre og andre stryre

    Etter at kommunehuset var bygt, vart alle møte i kommu­nestyre, skulestyre og bank haldne der. Det var folk frå alle kantar av bygda som var med, og det var ikkje alltid så lett å kome til Sandnes då. Møta vart haldne om måndagane, og om vinteren var det ofte is inne i fjorden.

    Skulle det vere kommune­styremøte om måndagen, måtte dei som skulle vere med der koma ut med dampen om sundagen. Desse mennene måtte då ta inn hjå folket på Sandnes, som oftast hjå dei same kvar gong. Dei frå Austfjorden hadde motorbåt, og dei frå Nordbygda fylgde lensman­nen – han hadde motorbåt og hadde kontordag på Sandnes den dagen.

    Slike dagar var det mykje folk på Sandnes. Om dei ikkje var med i noko styre, hadde dei andre ærend, anten i banken eller til kommunekasseraren. Det var han Andreas på Gar­den som hadde det vervet i mange år. Ofte kom det og koner med vøv som dei skulle til fargaren med.

    Når likninga gjekk føre seg, var det mange som måtte vere på Sandnes i fleire dagar. Dei arbeidde heile dagen, og om dei ikkje hadde så langt heim, Holsøyna eller Duesund, måt­te dei liggja over. Mat hadde dei med seg, då særleg kjøt. Eg minnest godt når me kokte sodd og kjøt, at me sette merke på deira kjøtmolar!

    Kaspar Høsteland var kas­serar i banken, og rundt års­skiftet skulle han gjera opp rekneskapet. Då budde han hjå bestefar i vekevis, dette var årvisst. Bestemor trong ikkje vere sutig for juletre, for det fekk ho alltid hjå han. Hjå oss hadde me óg nytte av dette: me fekk eller kjøpte halm til å byte i sengane, ofte kjøpte me jule­tre óg.

    Pages: 1 2 3 4 5 6