Skip to content

Industri på Andvika

    Nørlandselva

    Elva var der alltid, så lenge me minnest og dei som var før oss. Ho kom frå Storevatn inne i Dalen, men «røtene» sine hadde ho langt innover i fjell­heimen. Ser me på kartet, finn me tunne blå strek nedetter bratte gil, bak Ådneburen og Gavlen, mellom Tverrfjell og Gråsida. «Mange bekker små, gjer ei stor å», seier ordtaket. Slik er det med Nørlandselva og, når bekkjene fyllest, veks elva og går i foss og stryk ned­over berga — mot fjorden.

    Det er krefter i ei slik elv, krefter som kan ta med seg jord og stein, ja, hus óg om ho kjem på avvegar. Men desse kreftene kan og nyttast av menneska, verte tenarar som gjer arbeid for oss, om me lærer å bruke dei. Dei kan gje arbeid til verksame hender, inntekt og utkome for folket som bur i grenda. Slik har dei nok tenkt, dei som starta opp med dei første verksemdene ved Nørlandselva. Eit «hermelse» etter ein av desse vert endå hugsa: «Der er mykje pengar att i Gavlen endå» , sa han – og såg innover Dalen til fjellet som heiter Gavlen og dei store snø­fonnene som låg der langt framover våren.

    For å ta vare på, og gje vidare soga om alle «verksemdene» som voks opp attmed Nørlandselva, og få litt innsyn i det som fylgde med : arbeid både for liten og stor, levering av råstoff, liv og rørsle med mykje tilreisande både frå andre stader i bygda og utanfor, har me fått tre av dei som opplevde denne tida til å fortelje. Desse er Rasmus Haugsdal, Harald Hope og Klara Totland. Den sistnemn­de var gift med Martin Totland som var arbeidsformann på Fabrikken i mest 30 år, og dei budde på «Boligen».

    Saman med dei andre to har ho erfaring frå arbeid med ned­legging av sild, eit arbeid som dei fekk tene seg nokre kroner på – også i barneåra.

    Pages: 1 2 3 4 5 6
    1 23 ... 6Neste »