Skip to content

Industri på Andvika

    Bygningar ved elva, og kva dei var nytta til :

    Når me i dag ser bort mot Nørlandselva, er der ein heil «koloni» av bygningar, mest nede ved sjøen, Dei står der som vitne om at her sveiv hjula bokstaveleg tala. Heilt frå ga­mal tid var der sikkert kverner og sagbruk langs elva. Slikt hadde dei vel mest på kvar gard. Men no er det industrien me skal ta føre oss:

    Det første bygget som vart sett opp, inneheldt ei sag, oppgangssag, dei kalla, Det var Hans Totland d.e. som sette opp denne nede ved sjøen. Et­ter det Masfjordboka b. II fortel, var dei fleire saman om dette prosjektet. Dei laga ein del møblar og andre trevarer. Men det var vanskeleg å få det til å «bera seg».

    Dei hadde lånt pengar til verksemda, og måtte til slutt innsjå at det ikkje gjekk. Då kom Ditlef O. Mongstad inn i biletet, frå fyrst av leigde han bygningen. Dette var under første verdenskrig, og han dreiv stort med sildeeksport. Han trong sildetynner, og så vart det tynnefabrikk i elva.

    Mykje av materialane kom or Dalsmarka (Totlandsdalen). Gamle Lars Totlandsdal har fortalt at dei som ungar jobba der med å dra heim materialar. Ein som var ein slags arbeidsformann budde då i Skeidalen. Men han hadde før budd i Stegalvika på ein plass dei kalla «Lurkhogen». Han var streng, så det var helst hardt kjør for smågutane.

    For å få seg ein liten pause, fann dei på eitt og anna fantestykke. Mellom anna tok dei ein tynnestav og stakk bortunder ei reimskive til det vart svelukt og litt røyk. Då vart det stans i produksjonen, sjefen var levande redd for brann, og slik fekk småfantane seg ein liten pause i strevet. Betalinga for å bere staur var ti øre timen. Ein sa da han fekk dette lønstilbodet: «Ja, då går eg på ti­men»!

    Etter ei tid kjøpte D. O. Mongstad bygget, og han byg­de på så det vart større. Men i 1917 brann dette bygget ned. Mongstad bygde oppatt på same tomten, men då av mur­stein, og det er dette bygget som enno står der. Forteljara­ne synest å hugse at det i denne fabrikken også vart drive med salting og røyking av sild. Det låg fullt av sildetynner, og utan­for var der fleire «røykebuer». Ei tid var det ein tyskar, Molte, som var sjef. Han fekk mange tyske jenter dit for å arbeide i fabrikken, så då var dei nok byrja med sardiner.

    Det var i den tida «Boligen» vart bygd. Det var ei brakke som vart innkjøpt frå Bergen. Dei tyske jentene budde då i Boligen, og Harald Hope min­nest kor dei som var ungar gjekk og lurde på unggutane som hadde ærend dit i seine kveldar. Ja, det vart visst brukt både stigar og andre remedier for å kome i kontakt med desse jentene. Akk ja, ungdomen er seg sjølv lik, til alle tider!

    Klara Totland hugsar kor flinke dei tyske jentene var til å syngje. Ein kunne høyre dei heilt bort på andre sida av «vika».

    Pages: 1 2 3 4 5 6