Skip to content

Industri på Andvika

    Skiftande tider – skiftande eigarar

    Då første verdenskrig slutta, gjekk D. O. Mongstad konkurs. Først vart det starta oppatt av eit selskap som heitte «Masfjord Preserving». Det er litt usikkert kven som stod bak, men dei meiner det var ein bank. Dette vart drive ei kort tid, men alt først på 20-åra (1923) vart det andre eigarar, aksjelag, som dreiv. Det var «utanbygds folk», somme frå Bergen.

    Klara T. hugsar kor fine byjentene var då dei kom i sku­len: pene kjolar og sløyfer i håret!

    Fram til midten av trettiåra vart fabrikken driven under disponent og arbeidsleiar. Det var vel noko sesongprega ar­beid, i alle fall lite om vinteren, så det var vanskeleg å få det til å bera seg.

    Mellomkrigstida var ei vans­keleg tid, økonomisk, for alle, og kanskje endå meir for slike tiltak.

    Timeløn eller akkord

    Etter som lønsemda var li­ta, vart óg betalinga for arbei­det lita. Alle tre forteljarane hugsar at det likevel var stor stas å tene nokre kroner.

    Dersom det var gravferd i grenda, hadde dei skule berre til middags, for læraren var óg klokkar og skulle i gravferd. Då var det å gå i fabrikken og «træ sild» på ettermiddagen. Det var akkord, så den som var rapp på fingrane, kunne tene seg litt. Av og til kunne det óg vere arbeid på kveldstid.

    Klara kjem i hug kor det var det året ho gjekk for presten: Andre jenter i konfirmantflokken misunte jentene frå Andvika, for dei hadde kjøpesokkar. Det var ellers berre heimaspøta ullsokkar i dei dagar. Og konfirmasjonskleda kunne dei betala sjølve.

    Harald hugsar at på time­lønn hadde han 30 øre timen og ti timars dag. Dette gav ei vekelønn på 15 kroner.

    Rasmus hugsar særleg ein gong då det leid mot jul, og han stod i stova på Boligen og skulle få lønning. Då fekk han heile to kroner, og tykte han var rik! Det var tokroningar av papir, dei var raude, og popu­lært kalla for «rødegardistar». Einkroningar, óg av papir, var blåe og vart kalla «bolsjevikarar». Dette var pengar som var i omløp ei tid etter første verds­krigen. Men Rasmus hugsar og at han rykte det var svært urettferdig då han vart sett til å utføre vaksemanns arbeid og ikkje fekk same lønn som ar­beidskameraten. Då han ymta frampå om at dette var tungt arbeid, fekk han til svar: «Det er ikke lettere å gå hjemme med langorven!» «Det var på­legget eg fekk,» sa han.

    På Boligen var det også butikk ei tid, vel den einaste på «Vika» i dei dagar. Og då dam­pen ein gong rende på dampbåtkaien slik at den vart i ustand, gjekk dampen opp til fabrikkaia. Det var då interes­sant å gå rundt på fabrikken og sjå seg om medan båten lossa og lasta.

    I midten av trettiåra (1936?) vart fabrikken overteken av Neptun Canning i Stavanger. I byrjinga hadde dei utanbygds folk som disponentar. Men frå 1945 vart Martin Totland til­sett som arbeidsleiar. Neptun Canning hadde då 5 fabrikkar: i Stavanger, i Tønsberg, i Har­stad, på Mongstad og i Masfjorden. Dei dreiv bra framover i etterkrigstida, så det var ofte mykje folk som arbeidde i fa­brikken. Noko sesongprega var det vel, men det var mang ein ungdom som var glad for å tene litt. Særleg unge jenter hadde ikkje så mange «jobbar» åvelge mellom.

    Pages: 1 2 3 4 5 6