Skip to content

Industri på Andvika

    Fabrikken og Boligen, eit samfunn for seg sjølv?

    Då Martin Totland fekk den daglege leiinga av fabrikken, flytta han og huslyden inn i husværet på Boligen. Ja, det var eit livleg hus å bu i, kan Klara fortelje. Eitt år då det var særs mykje arbeid, budde der ei tid 45 personar i huset!

    Når det kom heilt unge, nett konfirmerte jenter for å arbei­de i fabrikken, tok gjerne for­eldra kontakt med Martin og sa: «De får no sjå litt etter dei». Det var alltid litt stas for slike å bu på hybel, styre seg sjølv. Det var ofte heile familiar, der dei unge i tur og orden kom som arbeidarar i fabrikken. Mange frå Nordbygda og ute frå Fedje. «Eg hugsar to som heldt svært lenge ut, ei i 18 år og ei i 20 år,» seier Klara. Ja, ho skulle vel vite det og kjenne folka, for ho budde i Boligen i 29 år!!

    På folkemunne kalla dei plassen for «Krompetua». Det kan nok gje assosiasjonar til at det samla seg ymse slags folk der. Men alle tre forteljarane meiner at det namnet hadde staden før Boligen vart sett opp der. Det er rett og slett eit stadnamn ! Men at det var eit livleg hus å bu i den tida fabrik­ken gjekk på det beste, det er det ikkje tvil om. Gutane på «Vikja» måtte alltid på Boligen om kveldane for å sjå på tause­ne. Og jentene ynskte seg ka­valerar. Av og til varde det berre ein sesong, men nokre vart verande her for godt. Så fabrik­ken skaffa mange koner til gards.

    Pages: 1 2 3 4 5 6