Skip to content

Industri på Andvika

    Frå råstoff til ferdig produkt

    Når dei kasta brisling, sær­leg på føresommaren, gjekk dette føre seg i fjordane, då kom båtane med lasta til fabrikkaia. Det gjekk ikkje på vekt, men på mål. Og det var skjepper, – ei skjeppe er lik 20 liter – og dei fekk silda i fabrik­ken i skjeppekassar.

    Ei tid brukte dei å vaske silda først, men det vart det slutt med. Så skulle ho i saltla­ke, og den var veldig sterk, så det var ikkje lang stunda ho kunne liggje der. «Når ho var blitt kvit i augene, då var det nok», seier Harald.

    Ein som var lakar, var svært nøye på at silda vart passeleg salt, det var hans ansvar. Jentene som trædde, hadde eit slags apparat der dei stod to og to. Ein viss mengde sild vart tømt oppi, og så var det berre å gå i gang. Når dei hadde eit visst antal, stakk dei ein tein gjenn­om augene, og sette teinen i ei ramme. Ei ramme tok 26 tei­ner, og for det var betalinga ti øre. Då fekk del eitt «merke», og om kvelden vart det opptalt kor mange merke kvar hadde. For dei som hadde arbeid der det var timebetaling, vart timane oppskrivne.

    Når silda var komen i ram­mer, vart disse sett i røykeriet, og når dei var ferdige der, vart dei «kutta», dva. hovudet kutta av så dei datt ned på eitt brett, Ein heis tok dei då opp i andre høgda, der sat dei som pakka i øskjer. Det som skulle verte «sardiner i olje» eller «med tomatsaus» var det dei som styrde med.

    Så måtte øskjene falsast, det gjekk óg lenge med handemakt, dvs. ei maskina der ein trødde og styrde prosessen. Seinare vart det automatikk, berre å stikke øskja inni eit hol, så gjekk falsinga av seg sjølv. Men endå gjekk prosessen vidare:

    Øskjene for då ned i kjella­ren til han Andrias, som dei sa. Der vart dei dampa, vaska og turka. Så var endeleg produk­tet ferdig – og øskjene kunne pakkast i kartongar. Ei kort tid sette dei og på etikettar, dette var helst vinterarbeid. Men seinare vart dette arbeidet gjort i Stavanger. Der hadde dei folk som berre dreiv med etikettering.

    Neptun Canning hadde bå­tar som gjekk i fast fart mellom Stavanger og fabrikkane i Nordhordland. Materialar til øskjer, olje, tomat og andre ting ein hadde bruk for i pro­duksjonen, og dei kom med råstoffet: sild.

    Dei hadde to båtar, ein heit­te «Gjøa», men då den vart gamal og utdanka hadde dei ein som heitte «Neptun». Det var ein riktig fin båt.

    Det er lett å skjøne at ein så omstendeleg prosess som det var å leggje ned sild, gav arbeid og forteneste til mange. Meste­parten av dei som gjekk i fa­brikken, var ungdom. Konene skulle halda seg heime i den tida. Dei hadde vel nok å henge hendene i der og, får ein tru: Oftast mange born, hus og beist i floren. Det var ikkje noko som heitte barnehagar då ! Kvar hadde barnehage heime hjå seg sjølv.

    Den fyrste «kona» som tok til i fabrikken, var ei som vart tidleg enkje. Ho hadde fleire born, den minste berre to månader då faren døydde, så ho måtte nok arbeida ute der­som dei skulle ha noko å leve av. Medan ho var i fabrikken om dagen, fekk ho einkvan til å sjå etter borna.

    Klara T. fortel ei lita soge om ein av dei som var så glad i å fiske. Han ville endeleg ned til sjøen og fiske. Då fann dei på råd: To spekesildar vart lagde i ein liten hyl, og guten sat så trottig og fiska!!

    I dei seinare åra fabrikken gjekk, var det helst gifte koner som arbeidde der, då kom dei med ferja frå Nordbygda eller Gulen, og det gjekk rutebuss til og frå Kvingo og Sandnes.

    Då Martin Totland nådde pensjonsalderen, vart det ikkje tilsett nokon ny arbeidsfor­mann. Fabrikken vart lagt ned. Det var i 1974. Dermed var det slutt med industrien på Andvi-ka. Nørlandselva fekk ikkje bruke kreftene sine på anna enn elvesusen! Men det vart stilt, og veldig sakneleg, seier Klara, som hadde levd i dette miljøet både som barn og vak­sen, ein heil mannsalder bud­de ho i Boligen og hadde alt som hende der og i fabrikken nær innpå seg.

    Ein ting er alle tre forteljara­ne vil samde om: Den herme­tikken me får kjøpt på butikka­ne no, finst det ikkje smak på. Silda har vore frosen før pro­sessen tok til, så det var ein heilt annan smak i den tida dei fekk fersk, levande sild som råstoff. No går alt så maskinelt, at det vert lite att av smakstoffa i sjølve silda.

    At den gamle måten var best, det er ingen av dei i tvil om. Men slik er det med all mat i våre dagar, den må gå gjennom så mangslags prosessar og vert tilsett så mykje rart, at alt smakar omtrent likt. Nei, i dei «gode, gamle dagane», då smakte det av sild når det skulle vera SILD!

    Pages: 1 2 3 4 5 6