Skip to content

Industri på Andvika

    Smia på Totland

    Det var elva som gjorde at det vart smie på Totland. Mar­tin Hope (frå søre Hope) tok til å byggje seg hus ved elva i 1908. Han hadde då begynt med smedarbeid i ei lita smie på Hope. Dette dreiv han gjer­ne om dagen, og om kveldane for han med material til huset på Totland. Då dette var ferdig, vart det bustadhus oppe og smie i kjellaren. Så huset vart kalla «smia» – og det heiter det endå. Harald, son til Martin, og kona bur der.

    I smia vart det laga knivar, ljåar og sigder. Det var slikt som folk hadde bruk for. Mar­tin selde varene til ein grossist i Bergen, men då denne gjekk konkurs, reiste han óg rundt i bygdene og selde. Seinare fekk han selja til Stavanger og Ålesund.

    Om våren vardet mange som skulle ha saueklavar, då var det gjerne mykje arbeid. Og om hausten, når strilane kom innover og henta sauene sine, var det ofte mykje dei ville ha ordna på. Då kjøpte dei óg knivar og ymse andre reidskapar,

    Elles var det mange som kom innom i smia for å få seg ein prat. Då vart det ofte diskusjonar om kven som var sterkast, og dei måtte prøva kreftene sine på ambolten.

    Martin hadde lange dagar, frå tidleg morgon til seine kvel­den, det var slett ikkje åttetimars dag. Den var ikkje opp­funnen då! Han arbeidde i smia til han var over 80 år, trass i lange dagar!!

    Reimskivefabrikken

    Endå var det ein fabrikk til som nytta Nørlandselva. Bygningen er der endå, heilt ned­med sjøen. Ein mann frå Hålandsdalen var med og sette i gang reimskivefabrikk, sidan overtok Torgeir og Jonas Nord­land fabrikken. Torgeir og huslyden hans budde ovanpå i dette bygget.

    Dei produserte reimskiver av tre og hadde mykje levering, for det var mange verksemder som hadde bruk for slike. Desse kunne drivast av vasskraft el­ler elektrisk motor. På denne fabrikken vart det og laga røykerammer og skjeppekassar til hermetikkfabrikken.

    Verksemda fekk ein brå slutt i 1944: Då miste både Torgeir og kona hans livet. Dei var med på «Masfjord» då den gjekk ned ved Duesund, vinteren 1944.

    Fortald til Ragnhild Jung

    Pages: 1 2 3 4 5 6
    « Forrige1 ... 45 6