Skip to content

Frå reiseskildringa til Paul Bureau anno 1904

    Når stoda til foreldra er tryggja, korleis går det så med dei andre borna, brør og systrer til odelsguten? I slike samanhengar kan ein ikkje med ord gjera noko betre enn å setja dei faktiske tilhøva klårt og enkelt fram, og det er her den einaste måten ein kan svara på. Her fylgjer no livstilhøva til dei seks borna på Bergsvik som laut forlata garden for å leita seg eit eksistensgrunnlag andre stader:

    Den 4. sonen drog tidleg til sjøs og mønstra på eit handelsskip, han vart matros, men det hindra han ikkje i å fylgja undervisninga ved ein sjømannsskule i tre vintrar og å få styrmannsdiplom. Då han var tjueseks år gamal, kom han og bad far sin om å låna seg noko pengar, og då han hadde lagt dette lånet til det han sjølv hadde spart opp, for han til Sambandsstatane (USA) der han heldt fram i yrket sitt ombord på ein fiskebåt. Kort etter byrja han i arbeid hjå ein byggmeister (trehus). Då ei krise herja bygningsindustrien, kjøpte han ein farm i Oregon, og hadde føremonen av dei låge prisane på den tida. Dette var ei dårleg vending synte det seg, for han kunne ikkje venja seg til det rolege og stilleståande bondeyrket. Han selde då farmen og byrja med husbygging. Han byggjer hus og løebygningar i tre, og er vorten byggmeister i Portland, Oregon. Fire born har han fått etter at han gifte seg.

    Den tredje sonen har ikkje gått på nokon skule etter barneskulen, men han har fått ei lang læretid i urmakarfaget. Då han var tjuesju år gamal reiste han til Amerika der han arbeidde ei tid i ein fabrikk der dei laga urverk; det hadde vore litt uventa for han at der i landet gjorde maskiner alle dei operasjonane som det hadde kosta han så mykje strev og tid å læra å gjera med hendene.

    Då læretida som teknikar var til ende, slo han seg ned som urmakar i Sør-Dakota der han enno bur og arbeider: forretningen hans går godt, han har tre born, men har hatt den ulukka at han nyleg har mist kona si.

    Den femte sonen gjekk fyrst fire år på underoffiserskulen i artilleriet i Kristiania, etter det reiste han som den fjerde og den tredje broren til Sambands­statane. Då han var tjuetre år gamal, byrja han som hjelpearbeidar hjå ein ingeniør som dreiv jernbaneanlegg. Han er no bygningsingeniør og byggjer bruer og akveduktar i ymse byar på vestkysten . Dei siste åra har han om sumaren butt i Alaska og om vinteren i Portland, Oregon. Han har nyst gift seg og har eitt barn.

    Den andre og den sjette sonen har slege seg ned i Noreg: Etter at båe to gjekk to vintrar på Voss Folkehøgskule, drog dei til seminaret (lærarskulen) på Stord. Den eldste av dei er for tida lærar og kyrkjesongar i ei sokn i Masfjorden; lærargjerninga gjev han 18 kroner for veka, og skulen varer 38 veker for året. Han har også innkoma av den vesle garden ( lærargarden ) som høyrer til lærarstillinga. Den sjette og siste sonen er lærar på amtskulen i Time på Jæren; han er gift med dotter til ein gardbrukar og har fire born.

    Endeleg er dottera til Bergsvik gift med odelssonen til ein av grannebøndene. Det er difor ingen tvil om at ho og har kome godt i gang.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7