Skip to content

Frå reiseskildringa til Paul Bureau anno 1904

    Såleis har kvar av dei seks borna funne eit trygt eksistensgrunnlag utanfor garden. Dette takka vere den gode oppsedinga dei har fått og den vesle økonomiske stønaden som faren mellombels har gjeve dei, men visseleg og takka vere deira eigen personlege energi. Faktisk har det gått alle saman så vel at dei etter kort tid har betalt faren attende den summen han lånte dei – unnateke den tredje sonen som på grunn av sin urolege karakter har gong på gong kome ut i stor gjeld.

    Ingen av dei tre sønene som har utvandra til Sambandsstatane drøymer om å venda attende til Noreg og slå seg ned att i fødelandet. Dei set stor pris på dei romslege og komfortable livstilhøva dei har i Amerika, og det er visst at dei ville awisa med styrke eit tilbod om å koma heim og ta over odelsgarden i staden for odelsguten.

    Det er ikkje berre det at stoda til dei andre borna ikkje har vorte forverra, men av dei sju borna er det truleg odelssonen som har den minst gode utkoma (økonomisk) og i alle tilfelle er det mange som har mykje romslegare og lettare livstilhøve enn han.

    Me har lært korleis familien Bergsvik arbeider for å utnytta naturressursane på staden, me har lært korleis familien løyser den store vansken å overdraga garden til neste generasjon; no er stunda komen for å granska korleis desse ressursane vert nytta i familien sitt materielle, økonomiske og moralske liv.

    I alt som har med det materielle livet å gjera, er det einfelde prinsipp som råder, for det er den snauaste livsførsla som nesten tenkjast kan, ein møter, og ein møter særs lite respekt for ein vaken hygiene og for reinsemd.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7