Skip to content

Frå reiseskildringa til Paul Bureau anno 1904

    Klaus Eirikson er husmann under Bergsvik i samsvar med ein kontrakt han har gjort med den gamle Bergsvik for 24 år sidan (i 1880). Etter denne kontrakten overlet Thorsen Bergsvik han for heile hans levetid, og sameleis så lenge kona levde, råderetten over nokre mål jord langs fjorden og delvis oppdyrka. Til vederlag skal Klaus Eirikson kvart år yta seks dagsverk arbeid på garden til Bergsvik. Då husmannsplassen alt var delvis oppdyrka og fordi han ligg lagleg til, kunne Bergsvik ha kravt 100 kroner i festeavgift på den tida då kontrakten vart underskriven. Men Klaus var svært fattig og Bergsvik svært godhjarta, difor ville han ikkje at husmannen skulle verta gjeldbunden, og faktisk kravde han ikkje at dei seks årlege dagsverka vart ytte heller, dei som er nemnde i kontrakten.

    Denne semja vart svært god for Klaus Eirikson, som straks byrja å spørja grannar til høgre og til venstre om nokre plankar, bord og bjelkar så han kunne byggja sitt eige hus, ei lita stove som er hans private eigedom, og dersom han forlet husmannsplassen – det kan ikkje gjerast utan hans vilje fordi retten hans er på livstid – då har han rett til å ta huset med seg.

    Når han er avliden og når kona hans ikkje er meir, vil arvingane ha den same retten.

    Eg har sagt at Klaus Eirikson er fattig. Far hans, som var husmann og snikkar, hadde sju born, fire søner og tre døtrer; her fylgjer stoda deira i dag:

    Eldstesonen (odelssonen) lever saman med faren og er snikkar liksom faren, når faren fell frå, er det sannsynleg at husmannskontrakten vert nya oppatt, slik at den eldste sonen vil vera sikra eigedomsretten til huset så lenge han lever.

    Denne eldste sonen er gift og har fire born. Den andre sonen er slaktar, han har tent noko pengar på kjøp og sal av fe, slik at han har kunna kjøpa ein gard som han driv no, samstundes som han held fram i slaktarfaget. Han er gift og har eitt barn.

    Den tredje sonen er paktar, det vil seia at han mot betaling leiger ein gard, der eigaren har reist til Sambandsstatane for å freista lukka der; denne emigranten har ni born som enno er små, og han har utvandra til Amerika for å skaffa borna sine ei betre framtid der. Den fjerde sonen er just Klaus Eirikson som er husmann på Bergsvik.

    Den eldste dottera var nokre år i teneste, etter at ho hadde spart opp noko pengar, gifte ho seg med ein bonde; ho har fem born. Den andre dottera lever i Aust-Finnmark, ho er gift med ein mann der oppe som har ein liten gard og driv fiske; ho har to born. Endeleg er det den tredje dottera, som for 25 år sidan har gift seg med ein bonde; i det ekteskapet er det ikkje born.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7