Skip to content

Frå reiseskildringa til Paul Bureau anno 1904

    Klaus Eirikson er, som ein ser, i ei ringare stode enn brødrene og systrene sine. Han er no 58 år gamal. På husmannsplassen sin fostrar han nokre sauer og dyrkar poteter til eige bruk. Elles er han skomakar, og dette yrket gjev han nesten 100 kroner for året. Heilt til nyleg har han og vore dagarbeidar på gardane i grannelaget, og løna som han har tent, har sett han i stand til å klara det vesle hushaldet sitt godt. Endå om næringskjeldene hans har vore knappe, har ikkje det hindra han i å få og fostra opp sju born, tre søner og fire døtrer. Den eldste sonen er husmann; den andre er arbeidsformann i ein tranfabrikk, han tener 22 kroner i veka. Den tredje sonen er målarsvein i Bergen. Dei fire døtrene er i teneste (tenestejenter). To av dei tener hjå bønder; den tredje er tenestejente hjå ein prest i ei bygd; den fjerde tener hjå ein ingeniør   som   styrer   ein   stor fabrikk utanfor Bergen.

    I dag er Klaus åleine med kona si på plassen, og det vesle skomakaryrket hans held han akkurat med nok til det smånøgde temperamentet hans, som krev lite, han er stillfarande og sorglaus. Alt tyder på at han vil halda fram slik og at han vert verande på husmannsplassen under   Bergsvik   så   lenge   han lever.

    (Merknad frå omsetjar: Det neste kapitlet handlar om folket på garden Ynnesdal og deira liv og arbeid. Bonden som Poul Bureau her tok inn hjå, var Nils Klausson Ynnesdal, og han fortel utførleg om mange sider av livet på garden hans).

    Johannes Gjerdåker

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7
    « Forrige1 ... 56 7