Skip to content

Der Masfjorden tek til

    Nyrudningsmann og lærar

    Mor og far gifte seg i 1892, då var far lærar på Føyna, ei lita øy utanfor Karmøy, Dei budde der til 1894, og eldste syster mi vart fødd der. Då dei flytte heimatt, truleg hausten 1894, hadde far fått lærarposten på Halsøy, Duesund og Mollandseid.

    Dei fekk óg kjøpa eit stykke utmark av mormor og morfar. Det var mest haugar og kjem-pestore steinar. No er det visst berre att ein av «dei store». Han låg på eit berg, so han var ikkje i vegen for dyrkinga! Me borna tykte det var så moro å kliva opp på han og sitje der.

    Første huset dei hadde, fekk dei etter husmannen på Stokkmyra. Han var nok død då, så det budde ingen der. Huset vart flytta til det som vart kalla Vikedalen. Det var ikkje stort, og då det etter kvart kom mange born til, måtte det påbyggjast.

    Ved sida av lærararbeidet skulle det no dyrkast jord, og det var hakke, spade og «steinbukk» som var reidskapar då. Alt gjekk med handemakt, så det seier seg sjølv at det ikkje gjekk fort. Det var ikkje vanskeleg å finne stein å ha i grøftene, det var berre å skyte sund nokre store steinar eller bergknausar. Nei, fort gjekk det ikkje, men det vart då både åker til korn og poteter, og fór til kyr og sauer. Høyet vart bore inn på børetog, så me var vel kjende med hodlane, som no er vorte kommunevåpen i Masfjorden!

    Kornstaurane vart borne inn med kornbanda på. Floren og løa vart og for liten, for det vart fleire dyr og større avling etter kvart, så i 1918 måtte det byggjast nytt og større, og i 1926 måtte løa forlengjast.

    Far hadde lærarposten Halsøy, Duesund og og Mollandseid til i 1914, då måtte han slutta på grunn av sjuk­dom. Men han hadde nokre vikarpostar sidan. Den første var visst Eikemo – Fossdal krins. Då rodde han til Eikemofossen og var borte heile vika, man budde på Fossdalshaugen, el­ler Lønshaugen i dagleg tale. Det var skule om laurdagane óg i den tida, så han kom heimatt om laurdagskvelden og reiste att sundagskveld eller måndag morgon. Han rodde i all slags ver. Etterpå var han i Kvamsdal ei tid, kor lenge, veit eg ikkje. Men eg veit at dei som vart konfirmerte i 1921 hadde gått i skulen til han. Siste vikarposten hadde han på Hosteland. Me skyssa han til Hosteland sundag kveld og henta han att laurdag. Der var han til 1924.

    Mor og borna måtte ta seg av arbeidet heime då far var så mykje borte. Men so sant han hadde stunder heime, braut han jord og skaut stein og knausar. Me borna måtte vera med så snart me kunne gjera nytte for oss.

    Det var nok mor og dei eldste av borna som måtte ta tyngste taka. Skogeteigen vår ved Skjelsundet var ikkje så stor, så me kunne ikkje hogga så mykje, korkje til ved eller materialer til bygging. Då var det å kjøpa på rot hjå andre, og fara på hogst der.

    Fiska gjorde me til husbruk, og det kom nok vel med i hus­haldet. Me hadde både snøre, liner, trollgarn og kastegam. Og alle måtte vera med og hjel­pa til.

    Eg gløymer ikkje når me låg ute på «Vikane, utom Hoste­land og såg etter makrell. Var det stilt, var «smikka» forferde­leg plagsom. Når det vart for gale, rodde me litt utpå, frå land, for der kom ikkje smikka. Me kunne ofte få gode fangstar med makrell, eller det var brisling eller bladsild.

    Elles fekk me fisk av ymse slag, og alt vart nytta av folk eller dyr. Når me fekk mykje pigghå i garnet, hengde me han opp til turking. Kyrne likte den so godt når dei kom ut om våren.

    Til ein slik stor huslyd var det mangt som skulle til, så mykje måtte og kjøpast. Skulle me til handelsmannen, var det å ro til Hosteland, eller ein og annan gong til Sandnes. Me budde på «øyalandet», så bå­ten var viktig i alle samanhen­gar. Tungvint og slitsamt, ville ein kalla eit slikt liv no. Men ein lærdom fekk me med ut i livet som ein ikkje lærer på skular : Me lærde å arbeida!!

    Vikedalen var nyrudning, utmark som vart til dyrka jord. Men kanskje var me ikkje dei første likevel ? Då dei braut i ein bakke ovanfor naustet, fant dei teikn som tydde på at her hadde det budd folk før : fleire flate steinheller som etter hustuft, og dei fann fiskestein, truleg brukt til «søkke» på snøre. Også eit fint bryne, slikt som me kalla «hein», vart fun­ne der. Kanskje var det meir og, men desse tinga hugsar eg. Så soga om Vikedalen strekkjer seg gjerne lenger attover i tida enn dei snart hundre åra som er gått sidan foreldra mine tok til å dyrke jord der. Så kan ein spyrje: Var dette arbeidet til fånyttes? Kjem det ei tid att, så jord der ein kan så og hauste atter vert halden i hevd?

    Ved Ragnhild Jung

    Pages: 1 2 3