Skip to content

Der Masfjorden tek til

    Slekta og gardane

    Mor var svært flink å fortelja om gamle dagar og om slekta langt attende, så eg har lyst å byrja litt med det. Oldeforeldra mine i Halsøy heitte Erik og Gjertrud. Dei fekk tre jenter : Sina, Henrikka og Kristiana. Den siste døydde då ho var 8-9 år. Oldefar var flink båtbygg­jar. Det var fleire av etterkoma­rane hans som og prøvde seg med det, den siste var oldebar­net hans, Harald Halsøy. Han bygde både robåtar og motor­båtar.

    Oldefar drukna på ein segltur frå Fonnebostsjøen og heim, berre 47 år gammal. Då olde­mor vart enkje, styrde ho gar­den med hjelp av tenarar. Eine «drengen» heitte Ivar og var frå Oppedal i Gulen. Han vart gift med eine dottera i huset, Sina; og dei tok over garden. Systera, Henrikka, vart gift med Jakob Vågset. (Jakob drukna då D.S. MASFJORD sokk ved Solesjøen i 1918, men då var Henrik­ka død lenge før).

    Husa der dei to systrene fyrst budde, stod nokso nær einannan. Dei delte då garden mellom seg, og sidan flytte Ivar og Sina huset litt lenger nord. Der var to hus­mannsplassar og, ein i søre enden av garden og ein i nord­re. På den i sør, Stokkemyra, budde ein som heitte Martinus Matre, på den i nord, budde Anders, bror til oldefar. I dag­legtale vart han kalla «Anders i Myra». Fjøsgrunnane på den­ne plassen var der då eg voks opp. Etter at husmennene døydde, kom plassane under gardane att.

    Sina og Ivar på det nordre bruket fekk mange born. Den eldste av desse heitte Kristiana, det var mor mi. Andre av jentene vart gifte i nabolaget og fekk stor familie etterkvart. To brødre døydde av tuberkulose berre 23 og 27 år gamle. Det vart den yngste, Magnus, som tok over garden.

    Morfar var svært glad i å fiske, og fiska vel mest med snøre. Men han hadde óg garn og not, og kasta etter både fisk, sild og makrell. Mor fortalde at på bryllupsdagen hennar fekk dei sjå ein makrellstim i fjorden. Dei for ut og kasta og fekk mykje makrell, så sløgde dei -og kokte makrellhovud til kvelds!!!

    Mormor var fødd med ein hoftefeil, men ho var eit «arbeidsjern», arbeidde bå­de ute og inne. Eg hugsar at då ho var over 82 år var ho med og grov opp poteter. Ho arbeidde så roleg, men ho grov og pluk­ka like mykje poteter som me andre.

    Far min kom frå Duesundøy, men besteforeldra hans budde i Duesund og heitte Kari og Ola. Kari vart kalla «Godmor Dusen», om det var eit anna namn for bestemor, eller om det skulle vera «Gudmor», veit eg ikkje. Men det vart sagt at ho bar dei fleste av borna deromkring til dåpen! Det var sonen deira, bestefar min, som flytta til Duesundøy og vart husmann der. Der var det mest haugar og stein – med ein og annan grøn flekk innimellom, men dei hadde både kyr og sauer.

    Dei var mykje ute på forden og fiska til husbruk. Far fortal­de at eingong han var med far sin og fiska, fekk dei ein pigg­hå. Farfar skar av «luffen» på ryggen av håen, den var som ei rasp og var difor fin å bruke som sandpapir. Så kasta han pigghåen på sjøen att, og far, som var så liten at han ikkje forsto betre, kasta «sandpapi­ret» i sjøen og !!

    Farfar tok og imot notbinding for eit firma i Bergen. Det vart vel nokre kroner attåt, og gutane måtte vera med og hjel­pa til. Alle måtte vera med og dra lasset.

    Besteforeldra mine på farsi­da, Johannes og Magli, hadde fire born, tre gutar og ei jente. Ein av gutane var Hans, far min, som kom til Halsøy og fann seg kona der.

    Pages: 1 2 3