Skip to content

Der gatene er belagte med gull

    Malena fekk med seg ein Bibel frå far sin då ho drog. Den passa ho vel på, og las i han gjennom heile livet. Ho hadde elles med seg ein rokk frå gamlelandet. Den var også flittig i bruk, og ho heldt heile familien med leistar og vottar. – Vinteren i Minnesota kan vera både lang og hard, så gode klede var naudsynte.

    Om kvelden las dei i «The Detroit Record» eller  «Decorah Posten», ei norsk avis som kom ut i Decorah, Iowa. Borna hadde eit luthersk barneblad, og tok vel vare på alle utgåvene. Den første tida gjekk dei til Lund Kyrkje, som var bygd av svenskane som budde i grannelaget. Seinare bygde dei norske nybyggjarane si eiga Bakke kyrkje.

    Haakon døydde i 1920, Malena i 1957. Yngste son deira, Henry, har vore fleire turar til landet der foreldra hans kom frå. Også 5 av dei seks borna til Henry og kona Lois, har vitja Noreg.

    Henry har vore president i den lokale losjen av «Sons of Norway», og elles aktiv på mange område, mellom anna i styret for museet i Detroit Lakes, der soga om dei første nybyggjarane har ein brei plass. Han og kona har i mange år vore vertskap for nordmenn som har vitja denne delen av Minnesota.

    Då Henry feira 80 års dagen sin sommaren 1993, var eg saman med han og familien hans i Detroit Lakes. På veg til hotellet der festen vart halden, var heile festlyden innom muséet, der Henry vart heidra med ei eiga utstilling! Den veka eg var gjest i Minnesota gav meg mange gode minne. Å få koma på farmen der grandtante Malena hadde budd, var ei oppleving. Elles gjorde omvisninga på gravplassen utanfor Bakke kyrkje eit sterkt inntrykk. Der låg dei grav i grav; Gjersvig, Herfindal, Meland, Nordgulen, Paulson og Regevig, berre norske namn.

    Henry tok meg med til slekt og vener, og overalt vart eg vel motteken og synt stor gjestfridom. Interessa for Noreg var stor og ekte.

    Amerikaturen min omfatta ikkje berre Minnesota. Eg reiste på kryss og tvers i nesten 4 veker, og fekk sett litt av dette enorme landet. Eg vitja fleire slektningar og gode vener, og kom elles lett i kontakt med folk på flya og på flyplassane.

    Eit sitat frå «The Detroit Lakes Record» av 3.august 1906 kan kanskje illustrera det inntrykket av norskætta amerikanarar som eg sat att med etter å ha møtt mykje folk av ulikt opphav: ,,Slik er skandinavane; dei kunstnariske danskane, dei praktiske svenskane og dei uavhengige nordmennene. Dei har vunne den høgste respekt frå alle andre amerikanarar, fordi dei fortener det. Dei er ærlege, arbeidssame, sunne menneske. Dei lagar ikkje bråk. Det er ingen skandinavisk slum i nokon amerikansk by. I moral rangerer dei mellom dei beste av oss.»

    Oddvar P.Haugsdal

    Pages: 1 2 3