Skip to content

Der gatene er belagte med gull

    Haakon var onnig, for han tenkte på vårarbeidet og såkornet som skulle i jorda. 4.mars 1894 gifta dei seg i Bergen. Nils Henriksen, far til Malena, kom frå Masfjorden og var med i brullaupet, og berre nokre timar etter starta «brullaupsreisa» som varte i 3 veker!

    Først var det båt over Nordsjøen til England, så tog tvers over England og vidare med båt over Atlanterhavet til Canada. Derfrå bar det søretter med tog til Minneapolis og Albert Lea i Minnesota.

    Då dei nygifte kom til Minnesota, var USA inne i ei økonomisk krisetid med stor arbeidsløyse. 600 bankar gjekk konkurs,  prisen på jordbruksvarer fall kraftig, og folk fyrte i omnen med korn. Løna for ein landarbeidar var ein dollar for dagen om sumaren. Om vinteren var det berre snakk om kost og losji. Denne krisa varte i fire år.

    Dei leigde først ein gard utanfor Emmons, Minnesota, og sparte etterkvart pengar til å kjøpa litt reiskap, hestar og noko buskap. Haakon drøymde om å få sin eigen farm, men prisane var altfor høge i det området der dei budde.

    I 1898 kom han saman med 12 andre emigrantfamiliar til Becker County nord i Minnesota. Her kjøpte han ein farm på 80 acres, 10 miles nord for den vesle byen Detroit Lakes. Det var mykje skog og kratt på eigedomen, så det vart mange harde tak med å rydda jorda.

    Først leigde dei eit hus i Detroit Lakes, og Haakon reiste kvar dag ut og arbeidde på garden. Ei tid budde dei hjå gode grannar, medan Haakon gjorde ferdig det fyrste, vesle huset.

    Pionerlivet på eigen gard vart eit blodslit frå tidleg morgon til seine kveld, og langt frå ein dans på gullbelagte gater.

    Eit år øydela ein haglstorm heile kornavdlinga. Det vart eit magert år for den vesle familien, der det no var kome to jenter til verda. Anna vart fødd i 1894, og Martha i 1897.

    Sidan kom Carl i 1899, Hilda i 1902, Alfred i 1907 og til sist Henry i 1913. Borna voks opp i ein kjærleg heim, der dei lærte å ta ansvar og ha omsut for kvarandre. Det var en heim utan røyk og sterk drykk, der ærleg arbeid og gudsfrykt stod i høgsetet.

    Pages: 1 2 3