Skip to content

Om Ivar Duesund

    Utover sommaren veit ein ikkje så mykje om Ivar. På Ulven sat fangane i brakker. Her var det eit strengt vakthald. Tyskarane brukte litt tid på å greia å få reiste tiltale mot Ivar. I august vart tiltalen mot han reist og saka vart reist som hastesak. Saka vart ført i Bergen for ein militærdomstol,  i lag med sju andre var han tiltala. Alle      fekk oppnemnt norske forsvarar, men desse fekk ikkje så mykje papir, så det var vanskeleg å forsvara dei. Rettsaka vart ført den 26., 27., 29. og 30. september og 2. og 5. oktober. Ivar vart tiltala og dømd til døden for spionasje og til 4 års fengsel for å ha hjelpt fienden (Engelskmennene).

    Dommen vekte stor forferdelse i Masfjorden. Ordføraren og lensmannen skreiv brev til justisdeparte­mentet, der dei bad om benåding for Ivar. I svaret skriv departementet at England og den tidlegare kong Haakon er det norske folk sin fiende, og derfor kan ikkje slike som har arbeidd for desse, benådast.

    Om kvelden den 21. oktober ryktast det at Ivar og ein annan dømd fange kom tilbake til Ulven. Ein annan Masfjording, Hjalmar Matre, sat og i arrest på Ulven på denne tida i same brakke som Ivar budde i. Hjalmar har i ettertid fortalt om korleis han og Ivar fekk lurt det til slik at dei kom på rom vegg i vegg, slik at dei to kunne snakke saman, medan vakta var borte i eit ærend. Begge var klar over kva som skulle skje nokre timar seinare. Det vart ein kort samtale. Ivar spurde stilt og roleg om nytt heimefrå. Hjalmar fortel vidare om roen Ivar viste og han følte at han fekk meir trøst enn han kunne gje. Ved å opna glaset på begge cellene, kunne dei nå kvarandre, og skiljast med eit handtrykk.

    Etter ei uroleg natt vart Ivar og ein annan fange henta i femtida om, morgonen. Dei vart seinare køyrde ut av leiren i ein lastebil. Hjalmar var ute og gjekk ein liten tur på føremiddagen, då han såg ti soldatar og ein offiser som marsjerte inn att i leiren. Truleg var dette dei som hadde stått for ugjerninga. Ivar fekk inga grav. Mykje tyder på at han vart gjort til inkje på Korsfjorden seinare.

    Den 8. mai 1990 vart det avduka ein minnestein over Ivar og ein annan medfange på Ulven leir. Næraste slekt og vener fekk vera med på ei gripande og fin minnestund.

    To trauste nordmenn som trudde på eit fritt land hadde fått eit verdig minnesmerke.

    Bjørn Dyregrov Haukeland

    Pages: 1 2