Skip to content

Om fredsjubiléet

    Helgetorsdag er tradisjonelt dagen for Masfjordfestivalen, som denne gongen hadde eit sterkt fredsjubileumspreg. Heile programmet i Nordbygda samfunnshus var via fredsjubiléet. Det bygde på tekstar som handla om krig og fred, skrivne og framførde av elevar i grunnskulen, og musikk­innslaga som batt desse tekstane saman, var tematisk knytte til innhaldet i tekstane.

    Det var gripande å oppleve elevar som stod og las om kva besteforeldra deira hadde opplevd og fortald, medan desse fysisk var til stades i salen og høyrde på. Neppe på noko anna tidspunkt under heile jubileums­markeringa var nærleiken til hendingane frå den gongen sterkare følbare.

    Dei aller fleste elevane i Masfjorden hadde bidrege med tekstmateriale, og det som vart framførd, var berre ein liten del av det totale teksttilfanget. Men alle tekstane er tekne vare på – dei er samla og utgjevne i eit eige jubileumshefte, og inneheld stoff tilsvarande 140 maskinskrivne A4-sider. Meir om dette heftet står å lese annan stad i denne boka.

    Same dagen vart utstillinga «Born, krig, fred» opna i Nordbygda samfunnshus. På denne utstillinga kunne ein sjå minne frå krigstida saman med ulike arbeide gjort av elevar i Masfjorden våren 1995. Dessutan synte Redd Barna dokumentasjon frå attreisingsarbeid organisa­sjonen har gjort i Kampuchea.

    Men også born frå andre stader var med på utstillinga : Krisepsykiatrisk senter i Bergen lånte ut barneteikningar frå Mosambik og Irak, teikna av born som i vår samtid – 1989 og 1991 – hadde teikna sine eigne opplevingar, og framstilte på den måten korleis krigen framstår på dei stadene geværmunningane peikar. Dette var krigsreportasje av eit heilt anna slag enn det vi får formidla gjennom presse og kringkasting.

    Og ei svært ubehageleg påminning om kva lidingar Nazityskland påførte andre menneske fekk vi ved å sjå 25 teikningar laga av jødiske born som sat i interneringsleiren Terezín, eit lite stykke nord for Praha, og venta på å verte sende til Auschwitz. Ingen av dei som hadde laga desse teikningane, overlevde. Yngstemann av desse var om lag åtte år då han kom til Terezín, og vel ni år då han vart send til Auschwitz for å døy.

    Det finnest om lag 4000 slike teikningar som er bevarte. Alle tilhøyrer Det jødiske museet i Praha. Teikningane som var med på denne utstillinga, er etter det museet kunne opplyse, dei fyrste som nokon sinne er blitt viste her i landet.

    Den siste jubileumstilskipinga i Masfjorden fann stad laurdag 27. mai, då ein kolonne med militærhistoriske køyrety gjorde «landhogg» på Matre. Dette var ein del av ein stafett som hadde starta frå Finnmark 8. mai, og som skulle ende på Sørlandet i byrjinga av juni. For dei køyretyinteresserte var det mykje artig å sjå, ulike typar lastebilar med kalesje og nedleggbart styrehus, sjukebilar, og «vanlege» jeepar.

    Dei som reiste med denne kolonnen, hadde under planlegginga av reiseruta uttrykt eit ynskje om å køyre gjennom «Bjørn West-land», av di dei naturleg nok hadde stor interesse for hendingane som her hadde gått føre seg. Det var difor lagt opp til eit enkelt program for dei. Dei fekk først omvisning på Bjørn West-muséet, og deretter fylgje av guide opp til Fossestølane, med avstikkarar innom Matrehola, Hommelfossen kraftstasjon og kraftstasjonen på Fossen. Då dei tok farvel for å dra vidare, ga dei klårt uttrykk for at opphaldet i Masfjorden hadde vore eitt av høgdepunkta på turneen.

    Rune Garmann

    Pages: 1 2