Skip to content

Om blomehagen til Aslaug Riisnes – og litt til

    Hagen framfor huset var eit syn. Og så var han så velordna. Han var inngjerd av stakittgjerde, granhekk og gråsteinsmur. Mot aust var det nokre rader med bringebær, så ripsbær og stikkelsbær. Det gav avling nok til husbruk. Men blomar utgjorde størstedelen av hagen. Langs huset var blomebed avgrensa av gråsteinkant. Verandaen utanfor midtstova var innhegna av slyngplantar på den eine sida og ein stor syren med lubne, blodraude blomar på andre sida. Så var det fleire store pæreforma plenar med roser i midten kransa med blomebed i kantane. Det var stemorsblomar i alle fargar. Kantane var reinstukne, og vegane som slynga seg omkring, var reine for ugras. Mot vest, avgrensa av gråsteinsmur, var eit storbed med plantar av ulike slag, helst fleirårige. Langs storbedet gjekk vegen ned til «lysthuset» som hadde lauvtre til tak. Her var bord og benker, og det var ein mykje brukt stad til ettermiddagskaffi på varme sundagar.

    Det var profesjonelle folk som hadde stått for ordninga av hagen framfor huset, og stilen var vel helst engelsk. Dei som i si tid hadde forma hagen, hadde nok ikkje tenkt på at det var ein arbeidskrevjande hage. Med litt slurv her, ville nok hagen fort blitt eit villniss. Men Aslaug Riisnes som vart mi vermor, greidde brasene. Det var ho som hadde fått så god skikk på hagen etter at ho vart gift til Risnes i 1918. At ho greidde dette så godt, kom vel fyrst og fremst av at ho var svært glad i blomar. Eg trur og at ho syntest hagearbeid var ei fin avkopling. Ho hadde óg stor glede av å sjå at ting voks. Sist men ikkje minst; ho ville ha det vakkert kring seg.

    På baksida av huset var det (og er det) storasken som er den dominerande planten. Kringmålet i mannshøgd er ca.5,5 m, ved rota ca.6 m. Han er innhol og «sliten» no, og her eit år slitna ei av dei svære greinene. Eg tippar at han er omlag 250 år gamal.

    Sjølve tunet og anlegget der var det nok Aslaug som fekk i stand. Reina opp mot stabburet hadde ho fått grave opp, sett heller på kant langs vegen til eldhuset og ført vegen vidare mot låvebrua. Dermed fekk ho ein vakker trekant til plen midt mellom vegane i tunet. Og steinbedet, omlag 15 m langt, vart tilplanta. Løysinga var genial. Tunet vart vakkert, fungerte godt og var etter måten lett å halda. Med denne ordninga av tunet viste ho at det er ikkje berre ei mengd blomar som må til for å få ein vakker hage. Sjølve ordninga og god orden i hage og tun er like viktig som eit flor av blomar.

    Eg har sjølv hus og hage i byen, og for hagar til vanleg har eg som motto: «Ein velordna, ryddig og rein hage er vakker, sjølv utan mange blomeplantar.»

    Før siste verdskrig var det få gardsbruk (og våningshus elles) som hadde ein blomehage. Slik var det på mine heimetrakter, slik var det vel og hjå dei fleste i Masfjorden. Kampen for føda var stor. Ein blomehage gav ikkje inntekt, men førte berre arbeid med seg. Altså: Ingen hage. Dette har endra seg storleg i det siste i Masfjorden så vel som i andre bygder i landet.

    Etter at det vart skikkeleg vegutløysing i Masfjorden, har eg reist ein god del rundt og sett meg om, og har oppdaga mykje vakkert, også når det gjeld blomehagar. Folk vil ha det vakkert omkring seg, ikkje berre innom hus, men og ute.

    Når eg køyrer frå Bergen til Frøyset, der eg bur i feriane, gleder eg meg alltid til vegen frå Sløvågen til Frøyset. Då får eg liksom med alt frå Kyst-Noreg, både det nakne berget til det frodige landskapet – med mange vakre blomehagar.

    Olav Slinde

    Pages: 1 2