Skip to content

Fyrste opptakten til meieri i Masfjorden

    Same ordninga hadde ein med transporten av mjølka frå meieriet til dampbåtkaien, kvar gong rutebåten var der. Dette var tre gongen i veka, tirsdag, torsdag og sundag. Ved seinare ruteendringar vart mjølka send kvar morgon med ruteskøyta over fjorden til Myking, for vidare transport derfrå med lastebil til byen. Hordaland Meieri held 50 l. spann til denne transporten. I desse spanna vart mjølka silt og sett til avkjøling. Dei fyrste spanna var firkanta stålspann, som vog 15 kg. Fulle i mjølk vart spanna 65 kg. Ei flatkarma handkjerre som tok 6 spann, vart nytta til transporten ned til kaien. Dette var ikkje noko arbeid for sveklingar.

    Noko seinare vart desse spanna runde, og dei var lettare å handtera.

    Om sumaren var noko av desse returspanna frå byen fyllte med skummamjølk og saup, som leverandørane kunne få for 2 øre literen, altså kr l,- pr. spann. Denne mjølka vart nytta til grisefór. Den var ypperleg til det bruk.

    Meieriet var ope for innveging både morgon og kveld. Dei åra meieriet held ope, også om sumaren, kom ferierande byfolk innom og kjøpte den mjølka dei trong i hushaldet, for ein rimeleg pris. Her kunne dei då få nysilt, varm, eller avkjølt, stupkald mjølk, alt etter ynskje.

    Dette meieriet synte seg også å vera eit sosialt gode i grendi. Her kunne trøytte naboar møtast til ein hyggeprat. Ja, til og med ungdomane frå både Sørkvingo og Nordkvingo, råkast ofte her om sundagskveldane.

    Grunna ymse tilhøve vart drifta ved meieriet her nedlagt, år om anna. Såleis var der innstilling i drifta dei fleste krigsåra. Etter krigen byrja også mjølkeprodusentane på Sørkvingo å nytta seg av meieriet her, og nokre år seinare, også Hope og Elvik., etter som deira meieri hadde lagt ned drifta 20.august 1936. I desse åra vart mjølka innkøyrd til meieriet med bil, både frå Sørkvingo og Hope. Der kom opppgjer frå Hordaland Meieri l gong kvar månad. Til driftsutgifter vart der trekt eit såkalla driftsøre, før leverandørane fekk utbetalt sitt. Dei som ikkje var luteigarar i meieriet, slike som Sørkvingo og Hope, vart trekte for eit høgare driftsøre.

    Dei fyrste rekneskapsførarane var Lars N.Kwinge og Anton Andvik.

    Fyrste meierska var Magdalena Kvinge, og dei siste var Inga Margit Kvinge. Så var det eit stort tal meiersker mellom desse to.

    Drifta ved meieriet her vart nedlagt 31.mars 1967, då ein byrja levera mjølka til det nyoppretta Duesund Meieri. Kvinge meieri er no rive og fjerna frå grunnen. Eldre folk kan no stå her med folda hender og dvæla ved slokna dagar og framfarne år.

    Eivind Kvinge

    Pages: 1 2