Skip to content

Minne frå skuletida

    Den som vil vere med ein tur attende til den skulen eg hugsar, lyt vere med meg heimatt i Haugsdalen, setja treskona av seg i gongen og fylgje meg opp på «norde lemmen». Det var der det føregjekk – på den tid: Rommet er bra stort – med to smårutete vindau­go. Ned frå taket heng der ein oljelampe, med gråmalt skjerm. Skulen er todelt, så det er fleire årsklassar som går saman.

    Det er største klassen sin dag, og me må sjå litt på kva dei har å hjelpa seg med i undervisninga. Det heng ein stor kartrull på den eine veggen og ei lita firkanta tavle på den andre. Land­kunne er ei viktig lekse å lære. Då må den som vert spurd fram til kartet og med peikestokken finne stadene det står om i leksa, peike og forklare. Det gjeld å ha lese godt på leksa!

    Bort i ei krå står «skulekista». Der står HAUGSDAL SKULE påmalt med store, kvite bokstavar. Kista inneheld ymse slag skulemateriell, og så skuleprotokollen! Der står det alt om kvar elev: Kor godt dei kan leksene sine, korleis dei oppfører seg, og om skulk. Lenger borte står ein smal kasse. Den inneheld nokre plansjar over men­neske, dyr, fuglar og blomster. Dette er alt me har av hjelpemidlar.

    Her er heller ikkje pultar, borna sit ved langbord der det er hol til blekkhus. Borda har nok ein gong vore grå malte, men far­gen er no temmeleg «misera­bel» Og så alle blekkflekkane då! Attmed borda er der langbenker.

    Så kjem skuleungane stormande, opp troppa og inn. Dei har ikkje ranslar på ryggen, nei, dei har bøkene i trekassar med skrått lok der det er krok i loket og hempe på kassen. Det vert eit rabalder då bøkene vert tekne opp og kassane sende burt i ei krå! Det er dei største og sterkaste som dominerar (då som no!) Men det roar seg no, alle har funne plassen sin. Det er visst læraren som kjem opp troppa. Alle reiser seg opp og står. Så er han i døra. Gutane bukkar og jentene neier: «GO-MORÅ»!

    (Eg lurer på kva ljost ho­vud som kom på at alminne­leg folkeskikk skulle ut or skulen? Veit du det ?)

    Så tek timen til. Alltid kris­tendom i fyrste timen. Men fyrst skal det syngjast, eit salmevers eller ein heil salme. Det er visst bibelsoge dei har til lekse-, best me går så me ikkje forstyrrer. Men så gjeld det å finne skoa våre i denne kjempehaugen av tresko.

    Eg fekk aldri gå på skulen på norde lemmen, for det siste året skulen var hjå oss, var den i stova vår, og me flyt­ta opp. Mor sparde mykje vasking, og så alt bråket i troppa. Eg var berre 6 år då, men dei fann ut at eg fekk ta til i skulen medan skulevegen var så kort. Året etter var skulen hjå Benjamin, naboen vår, men læraren budde framleis hjå oss. Kor mange veker skule me hadde for året, veit eg ikkje.

    Av og til var skulen i Tangedalen, 14 dagar kvar tur der. Det vart litt flyttesjau av det. Dei la børetog om skulekista, for den måtte vere med! Først måtte dei bere den til sjøen, så ro i Grunnevågen, ta den att på ryggen og bere den i Vika. Dit kom dei så med hest og kjerre frå Tangedalen. Dei hadde veg , dei!

    Då eg tok til på skulen var det gamle Monsen frå Sleire me fekk som lærar. Han var nok for lengst slutta i jobben, men på grunn av lærarmangel måtte han trø til att. I første timen heldt han alltid lange andakter, så det vart ikkje så mykje leksehøyring! Men med gangetabell og hovudrekning, der var han utrøytteleg. Me hadde før hatt ein lærar som budde hjå oss, han tok meg på fanget og lærde meg å lese i Bergens Tidende. Så le­singa kom eg no frå på ei vis. Men rekning, nei det kunne eg ingen ting om! Ei råd vart det no likevel: Bak meg var ein som kviskra svaret, så spør om det ikkje gjekk!

    Året etter var skulen faren frå oss for godt! Då hadde eg fått trekasse til ABC-boka og tavle med griffel til. Det brukte me dei første åra, til me fekk blyant, penn og blekk. Å slå saman skulek­rinsar, er ikkje enkelt…

    Det er ikkje berre no for tida at det vert rabalder! Dersom me skulle få skulehus, måtte ungane frå Rambjør og Haugsdal gå saman i skulen, Det var no det siste rambjøringane ville! Dei hadde alltid gått over Torsvik-leitet til Torsvik skulehus, og der ville dei framleis gå. Sinna kom i kok på begge kantar, og det vart mangt eit tak! Hatlevik hadde gjeve tomt til skulehus, men rambjøringane stod på at dei fekk lengre veg enn dei i Haugsdalen. Folk måtte på plass og måle opp vegen til begge gardane. Det vart visst nokre få meter i Haugsdalens favør! Striden la seg med tid og stunder, tomten vart sko­ten ut så huset kunne bygg­jast. Tre brør stod for bygginga. Det var Botolf, Lars og Søren Kvamsdal. Huset vart eitt av dei finaste skulehusa i Masfjorden.

    Eg hugsar innviinga, men ikkje datoen for den. Presten Sigurd Berg heldt tale, huset var stappfullt av folk. Dei kom heilt frå Andvika for å vere med!

    For oss ungane vart det ein stor overgang: Her var det høgt under taket, store vin­dauge som sleppte inn masse­vis av lys. Og så stod her pul­tar med plass til bøker inni. Plata kunne skuvast opp og ned så me fann plass til penal og blekkhus. Penala var av tre med skuvelok, og dei finaste hadde roser målt på lo­ket!!

    Me hadde mykje lekser: Forklaring, bibelsoge, kyrkjesoge og salmevers. Det høyrde til i første timen. Si­dan kom rekning, skriving, landkunne, noregssoge, natursoge, song og litt teikning, ja, og så lesing. Det var streng disiplin i alle timar. I lesetimen måtte me følgje med heile tida og vere klar til å fortsetje når me vart oppropte. Den som ikkje følgde med, måtte stå ved pulten til den neste hadde lese ferdig. Det var forsmedeleg!! Eg snakkar av eiga erfaring! Ja, disiplin var der, men dermed er det ikje sagt at ingen prøvde seg på fantestykke. Me var vel som ungar flest. Men då enda det ofte i skammekråa, eller me vart uthivne på gongen. Av og til vart attpåsitjing nødvendig. Det var no helst dersom ein ikkje kunne leksa.

    Dei fleste skuleborna laut arbeide heime, både tidleg og seint. Så det var ikkje alltid så lett å kunne leksene! Ordblindhei» var eit ukjendt begrep, heller ikkje at nokon kunne ha dårleg syn. Nei, den som ikkje kunne leksa var rett og slett DUM!!

    Me hadde både friminutt og middagsstund. Då leika me: slo ball, gøymespel, tikkespel, siste par ut, stele stein, vippe pinne osb. Som regel gjekk leiken med liv og lyst, men der kunne nok vere mobbing den tid og! Av og til var læraren med i leiken og, då følgde dei kanskje ek­stra godt med!

    Ja, skulen var ny og fin, men skulemateriellet var det same som me hadde hatt på norde lemmen Det nye hjå oss var at lærarane skifta us­tanseleg. Frå eg var 6 til eg var 14 år, hadde me desse lærarane: Gabriel Monsen, Erling Stordal, Ivar Elvik, Torgeir Børnes, Olga Hodneland, Martin Toft, Ida Duesund, Ludvig Klakegg, Peder Søvik.

    Tre av desse var ikkje utlærde lærarar, to av dei vart det seinare. Men alle sa­man ville gjerne få plante litt visdom i oss. Det var kanskje ingen lett jobb! Den som eg syntest at eg lærde mest hjå, var Ludvig Klakegg. Han var ein heilt eineståande lærar. Etter han kom Peder Søvik, også ein som var flink til å lære frå seg. Han var den første som skaffa oss lånebøker. Dei kom i store kassar til skulen, og me fekk låne dei heim med oss. Det var berre om å gjere å få tid til å lese!

    Ein eller annan gløgging hadde funne ut at alle skuleborn måtte lære seg å spare opp pengar til ein vart vak­sen. Me fekk tilsendt bankbøker frå Landsbanken. Læraren skulle dele ut til ele­vane. Ja, dei bøkene sette me pris på! Eg var så lydig heime som eg berre kunne! Mor hadde vel ikkje så mykje kon­tantar, men litt skrapte ho i hop til oss to som då gjekk i skulen. Det var ikkje store summar, men kvar fredag hadde me ein liten skjerv til å setja inn på boka. Bankbøkene hadde me heime, så me fylgde med at det voks-, sjølv om det gjekk seint.

    Men me har hatt jappet­id før og! Mange bankar gjekk over ende – og Lands­banken ligeså. Så der rauk draumen om rikdom! At dei, då dei stabla seg på bei­na att, sende oss ny bok med 40 øre i startkapital, det syntes eg var freidig gjort. Etter den tid vart eg heilt im­mun mot sparing.!!!

    Denne skulen vart den ei­naste eg fekk gå på, og mange med meg. Eg var in­nom og fekk sjå Nordbygda skule her ein dag, kunne ikkje late vere å tenk­je: «Dette skulle vore i vår tid».

    Det er no likevel godt å sjå at det er gått framover, og vi­dare framover går det nok!

    Kan hende om 70-80 år står ein av dagens elevar ved ein nybygd skule og tenkjer det same som eg – kven veit?

    Kari Hatlevik