Skip to content

Masfjordskulen i 1993

    Mest 250 år gamal er skulesoga åt Masfjorden. Utgangspunktet er då «Lindåsfundatsen» frå novem­ber 1748 som slo fast at «måtte der blive udi Lindaas Præstegield 6 omgående skol-eholdere, af hvilke En skal være for hvert Sogn» (Lindås, Lygra, Austrheim og Myking) – «undtagen Sandnes Sogn, hvor der stedse maa blive 2 beskikkede, deels for Sognets vidløftighets skyld, deels for Folkemængden udi bemeldte Sogn».

    Mangt har hendt og mykje har endra seg sidan dei to første skulehaldarane tok skreppa og staven fatt på si ferd rundt i Masfjorden, med den ansvarsfulle oppgåve det var å undervisa ein barne­flokk som truleg var det doble av kva det no er i Masfjorden. Skal ein nemna noko av det viktigaste nye, så må det vere overgangen frå omgangsskule til fast skule sist på 1800-talet, og innføring av 9-årig skule frå 1964. Innføring av fastskule medførde ei storstilt bygging av skulebygg. Nitten skulekrinsar var det på det meste, med mest like mange skulehus. Fjorten av dei står der framleis, men no til eit anna bruk, og til dels i ei anna form. Men som skule­hus gjekk dei siste ut av bruk sommaren 1976, same året som noverande skuleordning kom i gang, med sentralisert barnesteg og desentralisert ungdomssteg. Frå hausten 1976 har Masfjorden hatt tre kombinerte barne- og ungdomsskular: Matre skule, Nordbygda skule og Sandnes skule.

    Elevtalet har endra seg mykje dei siste tjue åra, frå 315 i 1974 til 231 i 1993. Men denne nedgangen finn ein i mest alle kommunar, og mest markert i utkantkom­munane. For Masfjorden sitt vedkomande ser det no ut til å ha stabilisert seg. Fordelin­ga på skulane er:

    Matre skule 66 elevar, Nordbygda skule 107 elevar og Sandnes skule 59 elevar.

    Når det gjeld lærarane, så har det óg vore ei utvikling, både i tal og utdanning. Det er no 44 lærarar i grunnsku­len. Av desse er det 3 lekto­rar, 27 adjunktar og 14 med grunnutdanning som lærar. Personalet omfattar dessutan 3 kontorassistentar, 3 vedlikehaldsmenn, 8 reinhaldarar og lærarassistentar.

    Sett på landsbasis har læraryrket utvikla seg til å bli eit yrke med sterk overvekt av kvinner. I vår kommune ser ein ikkje den same ten­densen, enno i alle fall, med fordelinga 24 kvinner og 20 menn.

    I tillegg til grunnskulen har Masfjorden fått i gang både musikkskule og idrettsskule. Begge desse til­boda har stor oppslutnad med om lag 150 elevar i mu­sikkskulen og 120 i idrettsskulen. For å unngå ekstra skyss og mykje reising vert mest mogeleg av undervisnin­ga i desse skuleslaga gitt in­nan den vanlege skuletida. Av økonomiske grunnar vert tilbodet i idrettsskulen av­grensa til born i l. til 6. skuleår, og sameleis må ein i musikkskulen prioritera born framfor vaksne.

    Økonomien er viktig for drifta av skulen, og desse tala syner utviklinga:

    Bruttobudsjett, grunnskulen:

    1940: (Førkrigsbudsjett) 75.740
    1950: (Etterkrigsbudsjett) 168.550
    1960: (Før 9-årig skule) 426.000
    1970: (Innført 9-årig skule ) l .689.000
    1993: (Grunnskulen) 14.416.500

    Kva så med administrasjo­nen ?

    Heilt fram til etter krigen var det skulestyreformannen og krinsformennene som stod for det heile. Ordninga med skoleinspektør, seinare skulesjef, vart først vanleg på 1950-talet, og då vanlegvis i kombinasjon med ein god del undervisning i skulen. I dag vert skulen i Masfjorden ad­ministrert av skulesjef i heil stilling med hjelp av pedago­gisk konsulent i full post og kontorfullmektig i 80% still­ing. I tillegg kjem fagrettleiarar i delpostar, og kulturkonsulent, etter som også kulturdelen av kommunalad­ministrasjonen er lagt til skulestyret, eller «Hovudutval for undervisning og kultur» som det no heiter. Skulestyraren er óg vekke no. I staden er det ved kvar av dei tre sku­lane tilsett ein rektor, med ein inspektør som nestleiar.

    Er det mykje nytt, seier du? Ny kommunelov og endring av Grunnskulelova tyder på at det er meir i vente når det gjeld organisering av kommune- og skuleadminstrasjonen. Og gjerne det, berre det er til det beste for dei som bur og arbeider i kommunen.

    Men tankane går stundom til dei to «beskikkede Skoleholdere udi Sandnes Sogn» som åleine fekk ansvaret for opplæringa av borna i Masf-jorden i 1749.

    Sverre Søvde