Skip to content

Ivar Areklett sitt museum

    Ivar Areklett har med god hjelp av Birger Kvingedal bygd eit eige hus for å ta vare på gamle ting som maskiner, reidskap og verk­tøy som har vore brukt på gar­den hans opp gjennom åra.

    Det er ei allsidig samling som har fått plass i museumshuset i Arekletten. Ein finn mellom anna fleire typar harvar, plogar, to slåmaskiner, rakemaskin, høy-endar, treskemaskin, hakkemaskin, heimelaga drøftemaskin og heimelaga gjødselspreiar, pluss dreiebenk, høvelbenk og eit rikt utval av reidskapar. Ein del av desse er så gamle at folk i dag ikkje veit kva dei har vore brukte til.

    Ivar har fortalt inn på lydband dei viktigaste opplysningane om kvar einskild ting i museet, og ein vil prøve å få heile samlinga formelt registrert.

    Ivar Areklett vil at samlinga skal verte verande på garden også i framtida. Difor har han bygd dette gode huset med stø­ypt golv og solid pannestein på taket.

    For alle som er interesserte i å lære om gardsdrift i Masfjorden i gamle dagar, er samlinga til Ivar Areklett av stor verdi. Ivar seier at både skuleklassar og andre er velkomne til å få sjå og studere dei mange ulike gjen­standane.

    På garden er der også eit gamalt vasshjul som er teke vel vare på i eit eige lite hus. Dette hjulet vart om haustane nytta til å drive treskemaskina med.

    Ivar Areklett er også ein dyk­tig båtbyggjar som har bygt i alt 45 båtar, dei fleste oselvarar. Nede ved naustet har han under eit eige overbygg ein firkeiping som er av kjend, gamal masfjordtype. Denne båten var på sjøen i mai i år, og vart filma av TV-Bergen i samarbeid med Sjøfartsmuseet. Både i Arekletten og i Sogelaget har me kopi av filmen.

    Jonas Riisnes